Næringsarbeidet i Lesja kommune frå 1.2.2017

Lesja kommune går nye vegar i næringsarbeidet, og  kjøper frå 1.2.2017 tenester frå Nordveggen AS.  Samarbeidet mellom kommunen og Nordveggen AS er i ei tidleg fase, og vi kjem attende med meire informasjon etterkvart. 

I hovedsak er det Solveig Brøste Sletta som vil jobbe i Lesja. Ho vil vera fysisk til stade i kommunen tre dagar pr veke. Nordveggen AS vil fokusere på tett kontakt med næringslivet. Det blir lagt opp til næringsbesøk, men det er fint om bedrifter eller personar med idear tek direktekontakt for å avtale møte. Dette gjer du enklast på e-post. Ane Marte vil delta på prosjekt som krev ekstra innsats på mobilisering og marknadsføring.

Lær litt meir om Nordveggen på heimesida deira

Følg "Levande Lesja" på Facebook

Lesja kommune har i sitt driftsbudsjett for 2017 foreslått satt av 350 000 kr som tilskott til næringsformål, som blir disponert av Forvaltningsstyret på bakgrunn av innkomne saker.

Dette kan gjevast til bedrifter mellom 0 og 5 år, og størrelsen på lånet kan vera inntil kr 1,5 mill. Lånet kan stå rentefritt i 2 år og avdragsfritt i 4 år, og passar spesielt til bedrifter med store ambisjonar og større kapitalbehov.

 

Kontakt

Solveig Brøste Sletta
Dagleg leiar Nordveggen AS
Telefon 988 83 816