Viltfond

Det kan årleg søkast om tilskot frå Lesja kommune sitt kommunale viltfond til tiltak som fremjer viltforvalting, kunnskap om viltet, jaktorganisering med meir. Søknad sendast Lesja kommune, postboks 53, 2665 Lesja, eller postmottak@lesja.kommune.no

Søknadsfrist 31.des.

Viltfondsmidlar kan brukast til:

  • Tilskot til tiltak for å fremje viltforvalting, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering med meir i kommunen og nabokommuner. Dette skal skje gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen.
  • Å dekkje kommunens utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
    Tiltak for å førebyggje skader på landbruksnæring valda av hjortevilt.

Viltfondsmidlar kan ikkje brukast til:

  • Kommunal og fylkeskommunal administrasjon av viltforvaltinga (faste utgifter til løn, møtegodtgjersle, reiser mv.).
  • Å erstatte skader valda av vilt.
  • Skotpremiar.

Kommunen sine inntekter frå fellingsavgifter av elg og hjort går inn i eit kommunalt viltfond. Fondet skal nyttast til å fremjee viltforvaltinga i kommunen. Bruken av midlane er ikkje avgrensa til berre å gjelde hjortevilt. Tiltak som fremjer viltforvalting, styrkar kunnskapen om viltet, jaktorganisering, førebyggande tiltak mot hjorteviltskader m.m., kan gjevast tilskot frå fondet. Privat verksemd, organisasjonar og enkeltpersonar kan søke. Søknadsfrist 31. desember 2016. Ved spørsmål, ta kontakt med plan- og miljørådgjevar Marit Svanborg, marit.svanborg@lesja.kommune.no tlf 612 44 188 / 612 44 100.

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88