Nytt om registrering av sett elg og hjort under jakta 2018

elgsafari - Klikk for stort bildeelgsafari Alle elg eller hjort som blir observert under jakta skal rapporterast. Metoda for dette er nå forbetra, og det får betydning for den som jaktar.

Frå no av skal jegarar og jaktlag ikkje trekke frå dobbeltobservasjoner, altså dyr dei meiner dei har sett fleire gonger same dag. Dette bidreg til meir presise data i registreringsløysinga Sett elg og sett hjort.

Rapporteringa frå elg- og hjortejakt har stor betydning for forvaltninga av desse artane. Slike data har blitt eitt av dei mest brukte verktya innan norsk forvalting og overvaking av hjortevilt, fordi dei brukast som grunnlag for bestandsindeksar.

Innsamling av jegerobservasjonar skjer elektronisk via Settogskutt.no. Den enkelte kommune har ansvaret for å godkjenne allereie innlagte observasjonar i Hjorteviltregisteret.

Dette vil altså seie at alle gonger jaktlaget ser den same elgen eller hjorten – så skal alle gongane registrerast i sett og skutt.

For spørsmål om endringane ta kontakt med plan- og miljørådgjevar i kommunen.

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88