Fellingsresultata for elg og hjort 2017 i Lesja er klare

Fellinga viser ei høg avskyting av både hjort (100 stk ) og elg (93 stk). Fellinga fylgjer bestandsplan som er vedtatt for åra 2017-2021. Eitt av måla i bestandsplanen for hjort er blant anna å redusere stamma hjort i Lesja. For elg er det også eit mål å redusere stammen av elg noko, men med ein ynskje om auke i Lordalen og Dalsida. Både elg og hjort skal vere bærekraftige.

 

Lesja kommune vil nytte høve til å skryte av dyktige grunneigarlag, Lesja elgutval, jaktleiarar og jegerar.

 

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88