Fallvilt

Fallvilt er alt vilt som blir funne daudt eller blir skada på ein slik måte at det ut frå dyrevernhensyn må avlivast. Under er framgangsmåtar for kva ein kan gjere i ulike situasjonar der ein kjem over slikt vilt.

Påkøyrd vilt:

  1. Ring politiet på 02800 og meld frå om hendinga. Desse vil gje beskjed vidare til rett instans, til fallviltgruppa og til vegmyndigheitene for å få fjerna daudt dyr.
  2. Om dyret ligg i vegbanen bør det settast ut varseltrekant.
  3. Dersom dyret spring frå staden, skal staden, og visst mogleg også fluktretninga, merkast med refleksband, plastpose eller anna tilgjengeleg materiale. Dette vil lette moglegheita for sporhund å finne skada vilt.

Å køyre på eit dyr er ikkje straffbart. Straffbart kan det derimot bli om ein ikkje melder frå om hendinga eller stoppar for å forvisse seg om tilstanden til dyret. Underretning til politiet er også ein føresetnad for forsikringsdekning for eventuell skade på bil.

Fallviltnemnda i Lesja 2016/2020 Kontakttelefoner til medlemmane
Medlem: Telefon: Ansvar for:
Detlef Schnepel 905 18 220 Bjorli
Torkjell Hagestande 918 45 851
Jakob Grothe 911 97 675
Arne Rolstad 996 96 150
Hans Erik Bjørnevolden 480 43 826
Jon Nørstebø (leiar) 915 16 679 Søre del av Lesja

 

Tilsvarande har ein varslingsplikt om ein kjem over sjukt eller skadd storvilt ute i naturen.

 

Ved funn av visse artar er det nokon som ynskjer å kunne behalde viltet for preparering eller anna formål. Forskrift om ivaretakelse av daudt vilt listar opp artar som er registreringspliktig vilt, som er vilt som ein treng godkjenning frå myndigheitene for å kunne behalde. Ved funn av slik vilt:

  1. Om det er ynskje om å behalde for preparering eller anna formål, levere viltet til autorisert preparant innan 4 veker etter funnet. Preparanten vil innhente nødvendige løyver.

    Link til godkjente preparantar for registreringspliktig vilt ligg her.

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88