Nytt verneområde og utviding av verneområda på Hjerkinn

Kongen i statsråd vedtok 20. april 2018 å utvide Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, opprette

Hjerkinn landskapsvernområde og endre grensene for Fokstugu landskapsvernområde. Vedtaket

følgjer opp Stortingsvedtak i 1999 om å leggje ned Hjerkinn skytefelt, tilbakeføre det til naturen og

innlemme det i eksisterande verneområde. Vernevedtaket betyr føljande:

 Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark er utvida med ca. 131 km2 i Dovre og Lesja

kommuner

 Hjerkinn landskapsvernområde med biotopvern på ca. 45,6 km2 er oppretta i Dovre og

Lesja kommuner

 Avgrensninga av eksisterende Fokstugu landskapsvernområde endrast ved at 0,80 km2 er

teke inn i utvidinga av nasjonalparken og 1,35 km2 er teke inn i nytt Hjerkinn

landskapsvernområde, samt at 0,77 km2 som ikkje tidlegare var verna er innlemma.

Dovrefjell Nasjonalparkstyre er vernemyndigheit for verneområda.