Søknadspliktig motorferdsel

Det er kommunen som er motorferdselsmyndigheit etter motorferdsellovverket. For køyring innafor verneområdane må søknad om motorferdsel i tillegg  behandlast etter verneforskrift for det aktuelle området. Alle søknadar om dispensasjon for motorferdsel i utmark skal sendast til Lesja kommune. Her vil søknaden eventuelt  bli oversendt til andre instansar, blant anna nasjonalparksstyrene, for behandling.

Behandlingstid for motorferdselssøknadar (rettleiande)
Innanfor verneområda Vintersesongen 2-6 veker
  Barmarksesongen 2-6 veker
Utanfor verneområda For motorfartøy(båt) og luftfartøy 2 veker
  Køyring på vinterføre 2 veker
  Køyring på barmark 2-6 veker
  Saker som treng politisk behandling 2-6 veker

 

Innhald i søknaden

Ein dispensasjonssøknad skal innehalde:

  • Korrekt utfylt søknadsskjema
  • Kart der køyreruta er inntegna
  • Eventuelt:
    • Følgjebrev, der du beskriv særlige grunnar som føreligg
    • Legeerklæring (skjema finn du via lenka «
    • Anna relevant dokumentasjon

 

Søknadsskjema og rettleiing finn du via lenka "Skjema og rettleiing"

Køyring innafor verneområda

Dersom du skal køyre innafor verneområda anbefalast det at du søker innan 1. desember for vintersesongen og innan 1. mai for barmarksesongen, for å være sikker på at søknaden din blir behandla. Hugs at sjølv om formålet med køyringa er direkte heimla i motorferdsellovverket, er det ikkje sikkert at det er det etter verneforskrifta for det aktuelle området. Dersom du berre treng dispensasjon etter verneforskrifta, skal søknaden likevel sendas til Lesja kommune, som vidaresender denne til nasjonalparkstyret.

Leigekøyringsordninga med snøscooter

Lesja kommune ynskjer at flest mogleg benyttar leigekøyringsordninga for transport på vinterføre. Kommuna  har ein streng dispensasjonspraksis, og dispensasjonar for køyring har oftast som vilkår at leigekøyrar skal brukast. Leigekøyrarane er personar/firma som har løyve til ervervsmessig køyring med snøscooter på vinterføre. Namn og kontaktinformasjon til desse finn du via lenka «Leiekjørere 2013-2016».

Innanfor desse ramane slepp du å søke kommunen om dispensasjon:

  • Godkjent leigekøyrar med snøscooter registrert for leigekøyring brukast, og køyringa skal skje utanfor verneområdane, eller innafor brukssonane i Skamsdalen, Merrabotn eller Reindøl(leigekøyrar har oversikt over desse)
  • Køyringa skal skje i tidsrommet 1.november – 20. april(eventuelt 3. påskedag dersom denne faller seinare)
  • Føremålet med køyringa skal vere transport av noko som går inn under minst eit av følgjande punkt:
    • Varer og utstyr
    • Ved
    • Saltsteiner i regi av det enkelte beitelag
    • Tilsyn med private hytter etter oppdrag fra eierne.
    • Massemedia på reportasjeoppdrag
    • Funksjonshemmede
    • Transport med tillatelse direkte etter motorferdsellovgivinga

Dersom du ynskjer å nytte leigekøyrar må du kontakte desse i god tid. Transportoppdrag til same område bør samordnast, slik at køyringa blir halde på eit minimum

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88