Friluftsliv

I Lesja er det mogleg å oppleva mykje innanfor tema friluftsliv. 

Lesja kommune har over fleire år arbeidd for å leggje til rette for allsidig aktivitet. Vi har mange ulike aktivitetstilbod i regi av friviljuge og utallige moglegheiter for  uorganiserte aktivitetar og friluftsliv med gang- og sykkelvegar, fiskevatn og - elvar, båt - og kanoutleige, kulturstigar, skiløyper og alpinbakke, turstier i nærmiljøa, nærheit til fjellet og mykje meir.

I vedtatt Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og naturopplevelse 2014 – 2017 kjem kommunen si satsing på disse områda tydeleg fram. Mellom anna satsing på auka tilgjengelegheit og god merking av turstier.

I Lesja kommune gjeld den generelle nasjonale bandtvangen i perioda 1.april – 20.august, i tillegg til at kommune har utvida bandtvang etter lokal forskrift.

I den lokale hundeforskriften er det nokre unntak:

I tråd med nasjonal lov om hundehold skal ikkje båndtvangsbestemmelsane gjelde for hundar

som nyttast til følgjande formål:

- Gjetarhunder i arbeid

- Tenestehund i aktiv teneste eller under trening eller prøving for slik teneste

- Jakthundar som blir brukt til lovleg jakt eller trening eller prøving for slik jakt

- Hund i aktivt bruk som ettersøkshund etter skadd eller sjukt vilt

 

Forskrifta seier vidare at:

I Lesja kommune skal hundar utover den generelle bandtvangen i perioda 1. april–20. august haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda slik det går fram av pkt. a–c nedanfor.

a)

Heile året på følgjande områder:

-

Kyrkjegarder

-

I tilknyting til område avsett til bustadformål i kommuneplanens arealdel

-

Handels- og sentrumsområde

-

Idrettsanlegg og område for leik

-

Område avsett til badeplass i kommuneplanens arealdel.

 

b)

I tida frå og med 21. august til og med 1. oktober i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar.

c)

På og ved preparerte skiløyper (alle tilrettelagte skiløyper/skileikanlegg) frå det tidspunktet dei blir preparert og fram til 3. påskedag.

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88