Velferdsordningane i landbruket

Her er samla informasjon om velferdsordningane knytt til landbruksnæringa. 

Avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning der føretak med husdyrproduksjon kan få dekka utgifter til avløysing. For å kunne få tilskot til avløysing må føretaket disponere dyr per 1.1 ved inngangen av avløysaråret, og søkje om refusjon av faktiske utgifter i januar året etter.

Tilskot til sjukdomsavløysing og liknande blir regulert i «Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.».  Reglane om berekning av tilskotet står i Jordbruksavtalen og tar utgangspunkt i dagsatsar som avheng av typen og storleiken på jordbruksføretaket sin produksjon. Det blir berre gitt tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing. Ved berekninga av tilskotet skal det gjerast frådrag for dei inntektene den avløyste hadde, eller kunne ha hatt, i søknadsperioden.

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere rekruteringa.

Landbruksvikarane skal avløyse bøndene ved sjukdom og i krisesituasjonar. Avløysarlaga har ansvar for at det er landbruksvikarar tilgjengeleg når det er behov for det. Her i Lesja og Dovre er landbruksvikaren tilsett i Lesja avløysarlag.

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent
Telefon 61 24 41 14
Mobil 900 95 301