Skogbruk

Tenesta skal stimulere og leggje til rette for skogbruksnæringa slik at alle skogeigarar får rettleiing og service til aktiv forvaltning av sin skogeigedom. Det er vidare ei prioritert oppgåve å arbeide for næringsutvikling i skogbruket, her under verdiskaping med lokal omsetjing av tømmer til ulike skurkvalitetar og biobrensel. På regionnivå i Nord-Gudbrandsdalen er det eit felles mål å auke aktiviteten i skogen med meir hogst opp mot berekraftig skogbruk, samt auke skogkulturaktiviteten med fokus på forynging og stell av yngre skog.

Kommunen er det offentlege forvaltningsorganet som skogeigaren skal kontakte for å ordne saker som til dømes tilskottsforvaltning, frådeling av skogareal,  bygging av skogsvegar og løyve til hogst i vernskog.  

Skogkonsulenten skal utøve generell oppsynsverksemd, her under kontrollverksemd og registreringar pålagt av fylkesmannen 

Skogbrukskonsulenten skal førebu saker etter forskrifter og lovverk, og ta avgjerd i saker som er delegert til rådmannen. 
  

Oppgåvene omfattar m.a:

  • Lovforvaltning etter skoglov
  • Forvaltning etter forskrifter gitt i medhald av skoglova (t.d. vernskogforvaltning, godkjenning av skogsvegar mv)
  • Forvaltning av skogfondordninga
  • Forvaltning av rentemidlar
  • NMSK-tilskott(nærings-og miljøtilskott i skogbruket) til m.a planting, ungskogpleie, 1. gongs manuell tynning, markberedning, vegbygging, drift i vanskeleg terreng, miljøtiltak i skog
  • Kommunalt tilskott til skogkultur 

Kontakt

Kim Berget
Skogbrukskonsulent
Telefon 61 24 41 45
Mobil 951 89 558