Organisert beitebruk

Lesja har ein godt organisert beitelagsstruktur med 8 beitelag for sau og storfe. Heile kommunen er dekt med denne ordningen, og beitelaga har ansvar for tilsyn og sanking av ca 19 000 sau og 2 600 storfe på utmarksbeite. 

Beitelaga er organisert med eige styre og eige drift, medan Lesja beitsamlag fungerer som ei overbygging og avlastar beitelagsstyra i mange høve. 

Beitelaga kan søke om investeringsmidlar til tiltak i beitefelt, med søknadsfrist 15. februar. Søknad sendast på eige skjema via kommunen til Fylkesmannen. 

Beitelaga søker om driftstilskott til laget med frist 1. november. Eigen informasjon sendast beitelagsleder i god tid før kvar søknadsomgang. 1.november er også fristen for innmelding av tap av beitedyr.

Beitebruksplan for Lesja vart vedteke i Lesja kommunestyre 25. mai 2009.  Beitebruksplanen finn du ved å klikke her.  Handlingsdel for perioden 2009 - 2013 finn du her (PDF, 27 MB)

Kontakt

Gunhild Fløttum
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 27
Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 44 11
Mobil 917 33 693