Klimabetinga avlingssvikt

Etter at vekstsesongen no er i gang er det fleire gardbrukarar som melder om at vinteren har øydelagt mykje engareal.

Jordbruksforetak kan gjevast erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon, som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Ordninga har ein eigenandel på 30% i høve til normalavlingsnivået. Normalavlingsnivået blir berekna i høve til gjennomsnittleg avlingsnivå hjå den enkelte søkar av fem forutgåande år.

Du finn søknadsskjema og rettleiing på Landbruksdirektoratet sine heimesider. Aktuelle søkarar blir oppfordra til å søke elektronisk.

Søknadsfrist er todelt:

  • Fyrst skal gardbruker melde fra til  landbrukskontoret når dei oppdagar at dei står i fare for å få en klimarelatert reduksjon av avlingsnivået som er over 30%
  • Deretter må fullstendig søknad leverast innan  31.10.2017.

Merk at regnskapsførar også skal underskrive søknaden. Merk også at kommunen skal kontrollere 10 % av søknadene ved feltkontroll. Kontrollen vil skje hjå dei som er melder at dei kanskje vil søke.  Til informasjon er det slutt på den tida da landbrukskontor skulle ut og sjå på arealet før gardbruker kunne starte med jordarbeiding.

Det er først når vekstsesongen er over at ein veit kor mykje avling ein har fått i 2017. Kvar enkelt gardbruker må derfor gjera så godt ein kan for å få avling i år.

Kontakt

Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 44 11
Mobil 917 33 693
Martin Vorkinn
Konsulent
Telefon 61 24 41 14
Mobil 900 95 301