Valldalsleden

Valldalsleden går frå Sylte i Norddal kommune, opp Valldalen til Grønningseter, gjennom Reinheimen nasjonalpark, vidare ned gjennom Lesja og inn til Dombås. Herfrå går leia opp til Fokstugu på Dovrefjell kor den kjem inn på Gudbrandsdalsleden. Etableringa av Valldalsleden er eit samarbeidsprosjekt mellom Norddal, Rauma, Lesja og Dovre kommunar. Leia strekk seg over 150 km gjennom fylka Møre og Romsdal og Oppland, og gjennom både Møre og Hamar bispedømme.

Då Olav den Heilage rømte landet vinteren 1028-1029 kom han inn Storfjorden. Han drog skipa sine på land i Valldal og gikk derfrå over fjellet til Lesja og Dovre. Det er denne ruta Valldalsleden følgjer. Heilag Olav si ferd er beskrive i Snorres Kongesagaer, og det er også nemnt at han overnatta på Einbu på Lesjaskog.  Heilag Olav hadde også vore på Lesja på kristningsferda si i 1021. Den gangen kom han òg via Romsdalen, sette igjen prester på Bøe (truleg i Kjøremgrende), drog tilbake over Lordalen for å kristne Ottadalen, og fortsette nedover Gudbrandsdalen.

Fotograf: Gudbranddalsmusea Fotograf: Pilegrimsleden.no Fotograf: Hans-Jacob Dahl Fotograf: Norddal kommune

 

Valldalsleden startar i Sylte i Valldal, nede ved fjorden og går så opp dalen forbi olavsminna Korsbrekka og Skjærsura. Leia går så vidare over fjellet gjennom Reinheimen nasjonalpark, kjem ned i Lesja, og går vidare til Dovre. Ei lei frå fjord til fjell, frå kyst til innland. For Olav var dette ei fluktrute, for dagens vandrar er den ein opplevelsesveg mot eit mål. Like før Fokstugu koplar leden seg på Gudbrandsdalsleden, og er dermed ei samanhengande lei frå Valldal til Trondheim og Nidarosdomen. Valldalsleden er totalt 150 km lang og ein bør satse på å bruke 7 dagar om ein skal gå heile turen. Det er dessutan mange fine strekk langs leia som egnar seg for kortare eller lengre turar lokalt.

 

I Lesja kjem Valldalsleden opp gjennom Brøstdalen og inn bak Rånåkollen. Leia følgjer Rånåvegen bort forbi flyplassen før den kryssar E136 på vei opp til Einbu. Her finst eit Olavsmerke i form av eit hesteskoavtrykk i berget. I følgje sagaen skal Olav ha overnatta på Einbu på sin ferd gjennom Lesja. Frå Einbu går leia vidare mot Lesjaskog og Lesjaskogsvatnet via Gruvlia. Her kryssar den E136 igjen før den fortset langs Lesjaskogsvatnet til det gamle jernverket og Lesjaverk kyrkje. Herfrå følgjer leia den gamle kongevegen forbi Olavskjelda Valtuva, over elva og bort til Lorkvenne. Her har det vore kvern sidan 1300-talet, og Lesja historielag har bygge opp ein flott formidlingsstad. Frå Lorkvenne går leia på forbygginga langs Lesjaleira – eit åker- og våtmarksområde med eit rikt fugleliv – før den fortset forbi prestegarden og den gamle kyrkjestaden opp til Lesja kyrkje og bygdemuseum og vidare gjennom Lesja sentrum. I sentrum kryssar Valldalsleden E136 igjen og fortset gjennom Aurtandefeltet – eit område med gravhaugar og hustufter frå vikingtid. Gravfeltet var truleg ute av bruk då Olav reiste forbi, men haugane må ha vore tydelege i terrenget. Frå Aurtandefeltet følgjer leia gangvegen frå Aurstad til Dombås før den tek fjellvegen opp til Fokstugu og sluttar seg til Gudbrandsdalsleden der. Herfrå er det om lag 12 dagars vandring til målet i Trondheim.

 

Når vi no har tilrettelagt og merka Valldalsleden i samarbeid med grunneigarar og friviljuge håper vi at leia vil verte godt brukt. Det er et ønskje at leia skal gje gode kultur- og naturopplevingar og at den skal kunne brukast til refleksjon, trusopplæring, skuleundervisning, rekreasjon, mestring, auka kulturforståing med meir.

Kontakt

Pilegrimssenter Dovrefjell
Hjerkinnhusvegen 33, 2661 Hjerkinn
Telefon 924 83 147