Våre tilbod

Lesja og Dovre kulturskole er en interkommunal kulturskole med 120 elevplassar.

Undervisningsformane vil være varierande. For mange av tilboda vil det være et komprimert skuleår, der undervisninga vil være ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

 

Vi har disse tilboda: 

(Med rett til endringar, enkelte aktivitetar er avhengig av eit visst elevtal)

Tilbod i Lesja og Dovre kulturskule i skuleåret  2018-2019

 

Velkome til Lesja og Dovre Kulturskule

Undervisninga i kulturskulen er organisert som individuell undervisning eller gruppeundervisning. Undervisningsformane vil vere varierande. For mange av tilboda vil det vere eit komprimert skuleår, der undervisninga vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

 

Undervisning i musikkinstrument

Elevar på instrument får arbeide med musikk innan ulike sjangrar. Elevane lærer både notespill, gehørspill og improvisasjon. Undervisninga er organisert som individuell undervisning eller i små grupper.

 

Undervisning i større grupper

Nokre av våre tilbod organiserast som gruppeundervisning, t.d. visuell karusell og dans. Ved å arbeide med desse kunstforma i gruppe lærer eleven seg å samarbeide med andre i ulike kunstuttrykk, samtidig som ein utviklar seg individuelt. Tilboda som er basert på gruppeundervisning er avhengig av mange søkarar. Mobiliser gjerne andre i ditt nærmiljø eller ved din skule til å søke plass hos oss.

PIANO

Individuell undervisning.

 

GITAR

Gruppe/individuell undervisning. Komprimert semester, undervisingen vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

SLAGVERK

Individuell undervisning. Komprimert semester, undervisingen vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

BAND Frå 5.trinn

Eit samspill tilbod, innan instrumenta; gitar, bass, keyboard, trommer og song.

Komprimert semester, undervisingen vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

Dans i Sfo tid på Dovre 2. – 4. trinn.

Organisert som gruppe, 1 time på onsdagar. Undervisningsstad; Dovre samfunnshus.

 

Dans Frå  2. trinn- VGS

Organisert i grupper etter alder. Undervisninga vil vere på tysdag.

Undervisningsstad; Lesja

VISUELL KARUSELL  Frå 3.trinn

Eit tilbod som inneheld ulike formingsaktivitetar.

Komprimert semester, undervisingen vil vere helgeseminar.

Undervisningsstad; Dombås

LYDTEKNIKK Frå 5. trinn

Gruppe/individuell undervisning.

Komprimert semester. Innføring i det å jobbe med opptak og redigering av lyd i eit lydstudio. Året avsluttast med å vere med under innspeling av årets kulturskule-CD.

Undervisningsstad: Dombås.

LÅTSKRIVING For vidarekomne. Må kunne spele gitar eller keyboard/piano.

Gruppe/individuell undervisning. Innføring i grunnleggande prinsipp for låt skriving. Målet for året er å jobbe fram ein eigen song og spele den inn i studio. Komprimerte semester, undervisning vil samlast i lengre økter gjennom året.

Undervisningsstad;  Dombås.

STUDIOINNSPILLING  For vidarekomne, må ha noen lunde ferdig materiale å spille inn.

Gruppe/individuell. Året blir brukt til å jobbe med arrangement og spille inn låtar.

Undervisninga vil organiserast i komprimerte og lengre økter gjennom året. Undervisningsstad;  Dombås

 

FILM Frå 7. trinn

Gruppe/individuell undervisning. Opplæring i filming og videoredigering.

Komprimert semester. Undervisning vil samlast i lengre økter gjennom året. Undervisningsstad; Dombås.

 

Folkemusikk,  Fele Frå 4. trinn

Prosjektbasert tilbod, med planlagt oppstart frå januar 2019. Gruppeundervisning. Med atterhald om politisk godkjenning.

 

Folkemusikk ,Toradar Frå 4. trinn

Prosjektbasert tilbod, med planlagt oppstart frå januar 2019. Gruppeundervisning. Med atterhald om politisk godkjenning.

 

(Med rett til endringar, enkelte aktivitetar er avhengig av eit visst elevtal)

 

Sjekk også ut vår side på facebook  www.facebook.com/lesjadovrekulturskole

Kontakt

Anethe Kleven
Kulturkonsulent/kulturskolerektor
Mobil 910 00 414