Økonomisk stønad etter Lov om sosiale tenester i Nav

Du kan søke om økonomisk stønad dersom du er ute av stand til å sørge for eige livsopphald eller dekke faste naudsynte utgifter (som til dømes bukostnadar).  

Uavhengig av årsak til at ein vanskelig økonomisk situasjon har oppstått, skal det ytast hjelp. Ein får hjelp etter ei individuell vurdering av søkaren/husstanden sin situasjon.

Det er krav om at du først nyttar andre inntektskilder i staden for økonomisk stønad dersom du kan. Det er også krav om at du samarbeider med NAV om ei nærare avklaring av hjelpebehov og aktuelle tiltak , for at du raskast mogleg skal kunne komme ut i jobb og klare deg sjølv.

For personar som av ulike årsakar har fått nedsatt arbeidsevne og har behov for bistand på fleire område for å komme seg ut i arbeidslivet, kan kvalifiseringsprogrammet vere eit aktuelt tiltak.

Det er også krav om at du dokumenterer husstanden sine inntekter og utgifter anten du bur åleine eller saman med sambuar eller ektefelle.

Søknad m/rettleiar for utfylling får du ved å vende deg til NAV-kontoret. Utfylt søknad med dokumentasjon leverer du til NAV Lesja.

 For meir informasjon sjå under sosiale tenester på NAV sine nettsider eller kontakt NAV Lesja på tlf 55553333

Opningstider

Måndag - onsdag - fredag:  open for publikum 10:00 – 14:00
Tysdag og torsdag: stengt for ad-hoch besøk, open for oppsatte avtaler