Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har lav inntekt og høge bukostnader.

Husstanden må vere registrert i folkeregisteret som busett i bustaden ein søker støtte for pr. den 1. kvar månad (situasjonsdato).

Bustaden må vere godkjent som heilårsbustad. I tillegg må det vere ein sjølvstendig bustad med bad/toalett, kjøkenfunksjon og eigen inngang.

Du søker om bustøtte elektronisk på Husbanken sin heimeside - https://husbanken.no/person/bostotte/

 

Kan du ikkje søke elektronisk, må du fylle ut papirskjemaet som du finn på nettsida til Husbanken, skrive det ut og sende til NAV Lesja- Dovre. Du kan ikkje sende skjemaet på e-post.

Du finn meir på https://husbanken.no/

Viktig å vite:

  • Søknadsfristen er 25. hver måned.
  • Du får svar innen 20. neste måned.
  • Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad dersom det ikke har skjedd endringar.

 

Meir informasjon om bustønad finn du på heimesida til Husbanken eller ved å vende deg til NAV Lesja - Dovre:

Telefon: 5555 3333.

 

Besøksadresse: Dombås senter, 3 etasje, 2660 Dombås.

Postadresse: NAV Lesja- Dovre, Pb. 100, 2659 Dombås.