Bustønad

Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning for deg med høge boutgifter og lav inntekt. Bustønad er ein rett, og det er enkelt og lite byråkratisk å søke. Husbanken forvaltar ordninga, men det er kommunen som mottek og behandlar søknadane.

Husstanden må vere registrert i folkeregisteret som busett i bustaden ein søker støtte for pr den 1. kvar månad (situasjonsdato)

 Kven kan få bostønad?

  • Har du høge boutgifter og lav inntekt, kan du kvalifisere for bustønad. Alle over 18 år kan få støtte, med unntak av studentar utan barn og militære.
     
  • Bustaden må vere godkjent som heilårsbustad. I tillegg må det vere ein sjølvstendig bustad med bad/toalett, kjøkenfunksjon og eigen inngang.

Bustønadskjema får du ved NAV Lesja. Søknad med dokumentasjon sender/leverer du til NAV Lesja.

Meir informasjon om bostønad finn du på heimesidene til husbanken eller ved å kontakte NAV Lesja på tlf. 55 55 33 33

Søknadsfrist er den 25. i kvar månad. Utbetaling er ca den 20. i månaden etter.