Flyktningtenesta i Lesja

Flyktningtenesta bistår flyktningar som skal busettast i kommunen etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og flyktningar som har budd i kommunen kortare enn 5 år. 

 

Kva hjelp kan du få:

Bistand i samband med flytting frå asylmottak for dei som har fått tildelt Lesja som bustadskommune

Oppfølging og rettleiing etter busetting. Dette kan til dømes vere utfylling av søknadar og andre skjema, ulik praktisk oppfølging, informasjon med meir

Bistand i høve til introduksjonsprogram

Andre kvalifiseringstiltak

Lesja kommune har i fellesskap med andre kommuner utarbeidd ein interkommunal flyktningeplan som er rettleiande for flyktningarbeidet i kommunen.

Flyktningtenesta i Lesja kommune høyrer inn under Rådmannen.

Kontakt

Brit Holen
Flyktningkoordinator
Telefon 900 31 688
Mobil 900 31 688