Vår plikt etter lova

Bilde vinter BV - Klikk for stort bilete Barnevernet skal vere ein garanti for at alle barn og unge er sikra god omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. 

Barnevernet arbeider etter lov om barneverntenester. Denne lova gjeld for alle barn under 18 år. Lova har som mål å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Lova skal også hjelpe til at bornnog unge får trygge oppvekstvilkår.

I nokre tilfelle kan barnevernet gi støtte og hjelp fram til ungdomen fyller 23 år. 

Barnevernlova gjeld for alle barn som oppheld seg i kommuna.