Undersøking

Bilde BV - Klikk for stort bilde Barnevernet skal undersøke barnet sin omsorgssituasjon dersom det er grunn til å tru at eit barn treng hjelp frå barnevernet.

Ein skal gjennomføre undersøkinga så skånsamt som råd og ikkje vere meir omfattande enn naudsynt. I ei undersøkingsfase tek barnevernteneata kontakt med foreldre og barn for å få informasjon om korleis barnet har det. barneverntenesta kan omfatte heimebesøk, sakkyndig undersøking og innhenting av opplysingar frå ulike instansar. Undersøkinga kan finne stad sjølv om familien ikkje ønsker det.

Ein skal gjennomføre undersøkinga snarast og seinast innan tre månader, i særlege tilfelle kan tida verte utvida til seks månader. Utfallet av ei undersøking kan vere å avslutte saka eller å sette i verk tiltak. Ved alvorleg omsorgssvikt kan barneverntenesta foreslå omsorgsovertaking. Fylkesnemnda fattar eventuelt vedtak i slike saker.