Støttekontakt/fritidskontakt

Ei støttekontakt er ein vaksen person som er saman med og gjer ulike aktivitetar saman med barn eit fast antal timar per veke.

Støttekontakten si oppgåve er å gje bornet støtte slik at det kan mestre ulike oppgåver og situasjonar betre, og får betre tru på seg sjølv gjennom samvær og aktivitetar over tid. Ei støttekontakt kan vere det barnet treng for å kunne delta i ein fast fritidsaktivitet.

For å kunne bli støttekontakt krevs det at du har ein avklart livssituasjon, er stabil og påliteleg og kan bitte deg for ein periode. Støttekontakten må vere trygg på seg sjølv, ha overskott, emne å samarbeide og kunne sette grenser. Alder, kjønn, personlegheit og interesser er avgjerande når barneverntenesta skal finne rett støttekontakt til eit bestemt born.

Før ein kan teikne oppdragsavtale må støttekontakten legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månedar. Ein kan søke om politiattest elektronisk på www.politi.no

Målsettinga med støttekontaktoppdraget vil variere frå brukar til brukar, men det er viktig at støttekontakta følgjer målsettinga som er satt for sitt arbeid.