Meldingar til barnevernet

Melding til barneverntenesta

Privatpersonar og offentlege instansar kan ringe eller sende skriftleg melding til barneverntenesta når ein er uroleg for om barn, ungdom eller familie har det vanskeleg og kanskje treng hjelp. Det er mogeleg for private å vere anonyme.

Når det er grunn til å tru at det er alvorleg omsorgssvikt, pliktar alle offentlege tilsette å melde frå til barneverntenesta.

 

Meldingar til barneverntenesta kan vere førespurnad/søknadar frå foreldre eller frå andre offentlege instansar eller privatpersonar.

Meldingane skal vere skriftlege.

Meldingar kan drøftast anonymt. 

 

Kven kan melde frå?

 

Alle kan melde si uro om barn til barneverntenesta.

Alle offentlege personar har plikt til å melde si uro når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling eller andre former for omsorgssvikt.

Mange har eit bilete av at barnevernet tek barn vekk frå foreldra og plasserer dei i fosterheimar, institusjonar  osb, og er derav skeptiske til å ta kontakt med barnevernet. Ofte les ein om skrekkhistorier i media. Likevel er det viktig å ta omsyn til at det ofte er berre ei side av saken som kjem fram. Grunna den strenge teieplikta kan ikkje barnevernet kommentere enkeltsaker, og ikkje uttale seg om kvifor dei gjorde som dei gjorde i saken. I mange sakere er det å plassere eit barn eller ein ungdom utanfor heimen, ei siste løysing. Barnevernet tenker alltid først på om dei kan sette inn hjelpetiltak i heimen. Dette kan vere tiltak som å gi foreldra råd og rettleiing, ha samarbeidsmøter med skulen, at barnet/ungdomen får støttekontakt osb. For mange barn og unge som opplever ein konfliktfylt heimesituasjon, kan ofte rettleiing om korleis ein er mot kvarandre og korleis ein snakkar saman, vere det som hjelp.  Det å flytte barnet/ungdomen vekk frå foreldra, er altså berre siste utveg.

Ansatte i barneverntjenesten Lesja og Dovre
Ansatte Telefon E-post
Barnevernleder Marita Lindbom Skotte 911 01 838 marita.lindbom.skotte@lesja.kommune.no
Stedfortreder for leder/kontaktperson Tone Merete Kirkestuen 990 98 781 tone-merete.kirkestuen@lesja.kommune.no
Kontaktperson Lise Kristine Killi 970 24 374 lise-kristine.killi@lesja.kommune.no
Kontaktperson Marthe Eithun 476 17 988 marte.eithun@lesja.kommune.no
Kontaktperson Maria Hole 482 89 143 maria.hole@lesja.kommune.no
Tiltaksarbeider 25% stilling Mette Moen
Merkantil Kathrine Kornkveen 969 25 780 kathrine.kornkveen@lesja.kommune.no