Turer og turløyper 2017 - «På tur i Lesja»

Nordmo skiløype - Klikk for stort bileteNordmo skiløype Solveig Græsli Kommunen tek nå tak i arbeidet med å oppdatere, videreutvikle og gjere informasjon om løyper og turmål i Lesja betre tilgengeleg. Den eksisterande turguiden «På tur i Lesja» har i snart 10 år bidrege til å synleggjere mangfoldige tur- og løypemoglegheiter, og vore til inspirasjon for både organisert og uorganisert aktivitet for innbyggarar, hyttebuarar og tilreisande.

Turguiden «På tur i Lesja» skal reviderast og koma i ny form, - med oppdatert beskriving av turløyper og turmål, informasjon, kart og bilde. Samtidig skal turmoglegheitene i bygda bli tilgjengeleg på nett via turportalen Outtt.com og i den gratis nedlastbare appen Outtt. Det er tilsett ein prosjektleiar som skal samle inn og koordinere all informasjon, jobbe fram den nye guiden og stå for digitaliseringa.

Dei siste åra har det blitt lagt ned ein kjempeinnsats av frivillige lag og organisasjonar. Utallige timar er gått med til å rydde, merke og skilte gamle og nye stigar og løypetraseer. Det har blitt tilrettelagt gapahukar, benkar, informasjonstavler og parkeringsmoglegheiter for å nevne noko.

Turguiden «På tur i Lesja» skal reviderast og koma i ny form, - med oppdatert beskriving av turløyper og turmål, informasjon, kart og bilde. Samtidig skal turmoglegheitene i bygda bli tilgjengeleg på nett via turportalen Outtt.com og i den gratis nedlastbare appen Outtt. Det er tilsett ein prosjektleiar som skal samle inn og koordinere all informasjon, jobbe fram den nye guiden og stå for digitaliseringa.

Ny turguide og digitalisering av turane vil gjere det enklare for alle turglade å kunne finne flotte og tilpassa turar i Lesja. Både turheftet og Outtt (web og app) vil vera eit bidrag i arbeidet med omdømmebygging og markedsføring av Lesja.

For å få til eit best mogleg resultat, er det heilt avgjerande å få innspel og oppdatert informasjon frå grendelag, foreiningar og lag som har arbeidd med og/eller har oversikt over status for dei ulike turløypene. Innspel frå alle som nytter seg av turmogegheitene ynskjer vi også.

Bilde er eit viktig moment for arbeidet med både turhefte og digitalisering. Alle blir oppfordra til å sende inn sine beste bilde frå ulike turopplevingar og turmål i Lesja. Det er behov for bilde frå alle årstider, gjerne med folk på som viser aktivitet (vandring, ski, sykkel, leik, bål, padling m.m) og ikledd spreke farger. Gode bilde som kan inspirere andre til å koma seg ut på tur er ønskjeleg. -Kanskje kan ditt bilde bli framsidebildet? Alle fotografar blir kreditert.

Kontakt

Solveig Græsli
Prosjektmedarbeider «På tur i Lesja»
Mobil 913 51 703