Ordføraren si side

Velkommen til Lesja!Ordførar i Lesja 2015-2019 - Klikk for stort bilete

Lesja ligg øvst i Gudbrandsdalen, Oppland fylke, og grensar til Rauma kommune i Møre og Romsdal.

Kommunen er langstrakt med sine 2259 km2. Størsteparten (82 %) av kommunen ligg over 900 moh. Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meter høgde langsmed Raumabanen og E136. Vi har fleire grender med gode og nære tenestetilbod for alle aldersgrupper. Pr. 01.01.2016 er vi 2059 innbyggjarar her. Lesja er ein stor landbrukskommune og det er positivt at det vert satsa lokalt innan næringa. Når ein køyrer gjennom Lesja vil ein sjå gjennomgåande jordbruksnæring frå aust til vest, medan mesteparten av kommunen består av fjell og utmark.

Det er to nasjonalparkar i  kommunen: Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark og Reinheimen nasjonalpark. Kommunen forvaltar også fire landskapsvernområde Dalsida, Jora, Lordalen og Fokstugu.

Bjorli i vest er vår største turistdestinasjon og er mest kjent som eit attraktivt område for alpin, langrenn og andre vinteraktivitetar.

Sjølv om vi er langt til fjells, er det mogleg å bade. Friske dukkertar kan du ta i innsjøane på Dalsida, i Lågen på Lesja eller i Lesjaskogsvatnet. Sistnevnte vatn er kjent for sitt vasskilje med elveutløp i kvar ende, Rauma mot vest og Gudbrandsdalslågen mot aust.

Lesja satsar stort på folkehelse. Vi har alt lagt til rette for 40 km gang- og sykkelveg langs E136, både med tanke på trafikksikkerheit og som eit ledd i å gjere innbyggjarar og tilreisande sunnare. Det står att ein liten parsell frå Lesjaskog til Bjorli for samanhengande gangveg og dette er noko av det eg som ordførar ønskjer å jobbe for å få på plass i inneværande periode. Siste del av gangvegutbygging i vestre del av kommunen vil generere enda større bruk og vidare leggje til rette for meir reiseliv, idrettssatsing og turisme.

For deg som les dette og vurderer å flytte til Lesja, skal du vite at vi har mykje meir å by på enn flott natur og eit godt samfunn å vekse opp i.

Eg vil nytte høvet til å skryte av noko av det mangfaldet som gjer Lesja unikt; museum, kulturstigar, kulturminner, gang- og sykkelvegar, utallige skifasilitetar, fantastiske fjellområde med jakt- og fiskemoligheiter.

Eg ønskjer god kontakt med innbyggjare og andre. Døra til ordførerkontoret skal til ei kvar tid vere åpen og det skal vere lett å få tak i meg.

Kontakt

Mariann Skotte
Ordførar
Telefon 61 24 41 10
Mobil 909 47 244