Kontrollutval

Kontrollutvalet:

Kommunestyret har det øverste tilsynet med den kommunale forvaltninga. Kontrollutvalet har som oppgave å utføre kontroll og tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og er eit lovfesta, obligatorisk utval. Kontrollutvalet skal utøve arbeidet sitt i samsvar med kommunelova og forskrift for kontrollutvalg.

Kontrollutvalet kan ta opp eit kvart tilhøve ved den kommunale verksemda, så lenge det kan definerast som kontroll og tilsyn. I tillegg kjem enkelte konkrete lovfesta oppgaver. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at kommunen har ein forsvarleg revisjonsordning, og gjennomføre og følge opp forvaltningsrevisjonar og selskapskontrollar.

Sekretariatet:

Kontrollutvalet skal ha eige sekretariat, som til ei kvar tid skal yte kontrollutvalget den bistand som utvalet finn nødvendig for å kunne ivareta oppgåvene sine. Kontrollutvala i kommunene Lesja, Dovre, Sel, Sel, Lom og Skjåk har felles sekretariat:

Sekretariatet for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdal, Botten Hansens gt. 9, 2670 Otta. Telefon 61 700 714. E-post: morten.sorhage@lom.kommune.no

Revisor:

Revisjonstenestene blir utført av Nord-Gudbrandsdal kommunerevisjon. NGK har adresse Sel rådhus, 2670 Otta.

Daglig leiar er Ingulf Brandsarbakken, tlf. 907.31.784. E-post: ingulf.brandsarbakken@sel.kommune.no

Kontaktinfo:

Har du tips eller noko som du vil at kontrollutvalget skal sjå nærare på, ta kontakt med leiar eller nestleiar eller send en e-post til sekretariatet.

Medlemmer og varamedlemmer i kontrollutvalet:

Medlemmer                                                             Varamedlemmer

Ap:                                                                           Ap:

Inger Margrethe Myhre                                            1. Anne Birgit Nordlibakken

Per Arne Holseth                                                     2. Oddvar Romundset

H:                                                                             H:

Thor Holager                                                            1. Detlef Schnepel

Bengt Flagestad                                                       2. Gunnar Storhaug

Sp:                                                                            Sp:

Ingebjørg Nørstebø                                                  1. Edmund Berget

                                                                                  

Leiar: Thor Holager

Nestleiar: Per Arne Holseth

Lovhjemler / reglement:

Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25.9.1992 (Kommuneloven), § 77 

Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommer av 15.6.2004

Reglement for kontrollutvalget i Lesja kommune (PDF, 23 kB)

Kontakt

Morten Sørhage
Sekretariatet for kontrollutvalga i Nord-Gudbrandsdal
Telefon 469 11 018

Sekretariatet for kontrollutvalga i Nord-Gudbrandsdal
Sognefjellsvegen 6
2686 Lom

skng.no