Fakta om kommunen

Innbyggjarar: 2 027 pr. 2. kvartal 2017

Areal: 2257 km2

Jordbruksareal: 42 000 dekar

Areal over 900 moh.: 82 %

Verna areal: 75 %

Høgaste fjell: Storstyggesvånåtinden 2209 moh.

Ordførar: Mariann Skotte (SP), 2016 - 2019

Busetjing

Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgd langs Raumabanen og E136. Dei fleste innbyggerane bur i grendene Lesja, Lora, Lesjaverk, Lesjaskog og på Bjorli.

Næringsliv

Hovudnæringa i kommunen er landbruk. Nær 30 % av dei yrkesaktive i kommunen arbeider innan jordbruk. I dei siste tiåra har turisme blitt meir og meir viktig. Utbygging av hytter har skjedd på Bjorli og området rundt Lesjaskogsvatnet. Bjorli skisenter er eit viktig trekkplaster for Sunnmøringar og Romsdølar. Om sommaren køyrer NSB turisttog frå Åndalsnes til Bjorli.

Samferdsel

Jarnbana Raumabanen og hovudvegen frå Austlandet til Sunnmøre og Romsdal, Europaveg 136, går gjennom kommunen. Toga stoppar på Bjorli stasjon og om det trengst på Lesja stasjon. Det er ikkje togstopp på dei nedlagde Lesjaskog stasjon og Lesjaverk stasjon. Stasjonsbygget på Bottheim er fjerna.

Geografi

Størsteparten (82 %) av kommunen ligg over 900 m. over havet. Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgde langs Raumabana og E136. Mykje av fjellterrenget ligg over 1500 m o.h., med dei høgste toppane i sørvest (t.d. Gråhø (lokalt namn Løyfthøe) 2014 m o.h. og Digerkampen 1956 m o.h.) og i nordaust (Storstyggesvånåtinden 2209 m o.h.). Platåbreen Storbrean på grensa mot Skjåk er den største isbreen i kommunen, det er mange andre mindre brear og fonner som gjer at vassføringa i dei fleste vassdraga er jamn gjennom heile sommaren.

Lesjaskogsvatnet ligg i kommunen, dette vatnet har to utløp som utgjer byrjinga på elvene Gudbrandsdalslågen og Rauma.

Klima

Lesja har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og betydelegeskilnader mellom dag- og nattetemperatur i sommarhalvåret

Tusenårsstad

Lesja jernverks hovudgård anno 1752. Eiger Hans Holmboe d.y.

Kommunens tusenårsstad er Tunstugu som ligg på Lesja Bygdemuseum. Stua rommer kafé og utstillingslokale for museet. I mange samanhengar er dette bygdas storstue, som blir nytta til bryllup, gravferder, store arrangement osv.

Vennskapskommune

Lesja kommune inngjekk den 29. oktober 2006 ein vennskapsavtale med Marijampole kommune i Litauen.

 

Kontakt

Mariann Skotte
Ordførar
Telefon 61 24 41 10
Mobil 909 47 244
Willy Sægrov
Rådmann
Telefon 61 24 41 13
Mobil 907 15 213