Informasjon om Lesjabygda

Lesja (norrønt Lesja, kanskje samanheng med angelsaksis læs, beite).
Lesja er største kommunen i Oppland i geografisk utstrekning med sine 2175,3 km2

Lesja svarer til sokna Lesja og Lesjaskog i Lesja prestegjeld, Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar bispedømme, tilhører Lesja lensmannsdistrikt i Gudbrandsdal politidistrikt og hører inn under Nord-Gudbrandsdal domssokn.      

Lesja grensar mot kommunane Dovre, Vågå, Lom, Skjåk, Rauma, Nesset, Sunndal og Oppdal.
I nordvest og nord er kommunegrensa også fylkesgrense mot Møre og Romsdal og ei stutt strekning mot Sør-Trøndelag.

Lesja ligg på begge sider av dalføret som blir danna av det 10 km lange Lesjaskogsvatnet, Gudbrandsdalslågen som renn mot aust og Rauma mot vest. Lesjaskogsvatnet var to vatn som ved oppdemming for jernverket på Lesjaverk vart gjort samanhengande. Lenger sør i bygda låg det 10 km m2 Lesjavatnet som vart tappa ut omkring 1860 for å få dyrkingsjord, arealet er i dag brukt som eng og beite. I fjella i nord ligg Aursjøen og Gautsjøen, hovedmagasin for Aura-anlegget.

Lesja er ei typisk fjellbygd. 82% av kommunen sitt areal ligg over 900 m.o.h. Det er to nasjonalparkar i  kommunen: Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark og Reinheimen nasjonalpark. Kommunen forvaltar også fire landskapsvernområde Dalsida, Jora, Lordalen og Fokstugu.

Med sin flotte natur og enorme høgfjellsområde, ligg det godt til rette for friluftsliv. Det ligg mange fiskerike vatn i Lesja. I høgfjellet på begge sider av hoveddalføret er det store villreinstammar. Lesja er ein av landets største villreinkommunar. Kommunen er også rik på kulturminner. Det finns restar av busetting, jakt og fangst heilt attende til steinalderen

Det meste av busetnaden ligg mellom 500 og 650 m.o.h. Busettinga er stort sett spreidd over ei strekning på vel 6 mil langsetter Raumabanen og E136. Det bur 2 145 innbyggjarar i Lesja (pr 1.1.2013).

Hovudnæringa er landbruk og nesten 40% av alle yrkesaktive er sysselsette innan jord- og skogbruk. Elles er sysselsettinga fordelt på offentleg tenesteyting, reiselivsnæring og noko industri og handverk.

Bjorli som ligg på grensa mot Møre og Romsdal fylke, er hovudsatsingsområde for turisme.
Bjorli har alpinanlegg med fleire skiheisar og varierande nedfartar. Anlegget har eigen barnebakke. Det er preparert ca. 150 km med merka og preparerte turløyper i bygda og på fjellet. Om sommaren er det også mange aktivitetar i området.

 

 

 

 

 

Publisert av Vigdis Nedregård. Sist endra 14.11.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering