NATO-øvinga 2018

NATO-øvinga Trident Juncture - dette skjer i Lesja

Kolonne - Klikk for stort bildeKolonne Forsvaret

Bakgrunn

Trident Juncture er ei NATO-leia krigsøving som er den største i Norge sidan 1986. Norge er vertsnasjon. Øvinga vil i hovudsak vedkoma Sør- og Midt-Norge, og vil tidvis føre til og mykje synleg militær aktivitet i dei aktuelle områda. 31 nasjonar og totalt 40 000 personer deltek i øvinga.

Når?

Sjølve øvinga vil føregå i perioden 25. oktober- 7. november i området Nord-Østerdal og Trøndelag, men det vil vera ein god del aktivitet både i forkant og etterkant av dette lokalt – hovudsakleg knytt til lagring og frakt av militært materiell. Det kan vera synleg militær transport og aktivitet frå midten av august til tidleg desember 2018.Forsvar - Klikk for stort bildeForsvar Forsvaret

Lesja

Transport av militært materiell og personell i samband med øvinga: Frå 20.8. vil den første av tre puljer med materiell landsett på Åndalsnes bli transportert i militærkolonner gjennom Lesja.  Dette gjeld både materiell som skal til Vidfloten og til Dombås/Hjerkinn, og er delvis tungt utstyr. Den første puljen skal seinast vera gjennomført innan 25.8.  Neste pulje vil bli transportert i dagane 8.9. til 15.9., og den siste puljen truleg 16.10. - 25.10. Kolonnene til Vidfloten skal gå via Prestgardsbrua på FV 496 (Vestsidevegen)

For Lesja kommune er det primært austre del av kommunen som vil merke mest til aktiviteten omkring øvinga. På Vidfloten vil det frå ca 20.8. til byrjinga av desember vera stasjonert italienske soldatar. I starten om lag 100, etterkvart om lag 650.  Desse skal fylle støttefunksjonar for den stridande delen av den italienske brigaden som deltek på øvinga, med mellom anna feltsjukehus og drivstofflager.  Ein ungarsk delegasjon med om lag 10 personar blir forlagt på Kolstad gard.

Slådalsvegen blir open som vanleg.

Lesja kommune sin vertskapsrolle

Lesja kommune ynskjer at vi, saman med innbyggjarane våre, skal vera eit godt vertskap.  Vi ynskjer å vise fram kommunen vår frå si beste side, og vonar at både vi som bur her og dei som besøkjer oss skal få noko positivt ut av øvinga. 

Forsvaret av Norge byggjer på totalforsvarskonseptet som vil seie gjensidig støtte og samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunn ved kriser og væpna konflikt. Konseptet stammar opprinneleg frå 2. verdenskrig, då den norske regjeringa innsåg at dei totale ressursane i samfunnet ikkje hadde blitt teke i bruk. 

Det handlar om alt frå å sørgje for at befolkninga får strøm, mat og medisinsk hjelp ved ei krise – til å sørge for at logistikken fungerer, slik at ein kan ta imot allierte forsterkningar ved ei væpna konflikt.

militært område

Haustens NATO-øving har starta og nokon kan synast at det er ubehageleg med synlege soldatar og auka militær trafikk. Det kan vera personar som har opplevd krig og traumer tidlegare, eller barn. 

Arbeidsgjevarar  i landbruket og i andre næringar som har tilknytta utanlandsk arbeidskraft blir bedne om å informere sine tilsette om Nato-øvinga i haust.

  • Aller viktigast er det å gjere det kjent at dette er ei øving
  • Norsk lov gjeld og det er politiet som er sjef

Øvinga er så vidt i gang. Hovedøvinga er i perioden 25.10. til 07.11.2018. Både før og etter hovedøvinga vil det også vere mykje aktivitet på vegar.

Her i distriktet vil det berre bli stridsøvingar i området Dombås-Hjerkinn-Folldal. For Dombås sin del vil dette skje 02.11. På strekninga Hjerkinn-Folldal blir det truleg noko aktivitet av denne typen også 01.11.

20180502tk_I8669

Det kan bli relativt stor militær aktivitet etter E6 og E136 18.6. til 22.6. Grunnen er at NATO driv planlegging av den store øvinga Trident Juncture.  Informasjon om dette finn du på forsvaret sine sider

NATOØVELSEN TRIDENT JUNCTURE 2018                                                  

INVITASJON TIL FOLKEMØTE TIRSDAG 29.MAI KL. 19.00

Kommunene Dovre og Lesja, Heimevernet og Fylkesmannen inviterer til informasjonsmøte om militærøvelsen på Heimevernskolen på Dombås tirsdag 29. mai kl. 19:00.

I oktober og november 2018 vil Norge være vertsnasjon for NATO-øvelsen Trident Juncture, en av alliansens største øvelser.

Kontakt

Rigmor Bøe
Forvaltning- og utviklingssjef
Telefon 61 24 41 23
Mobil 904 03 758