Prosjektstilling som miljøterapeut/miljøarbeidar i flyktningtenesta

Prosjektstilling i 80% stilling frå snarast råd. Prosjektperioda er i første omgang i eitt år, men kan bli forlenga med eitt år. Søknadsfrist er sett til 20. november.

Flyktningetenesta i Lesja har i dag ansvar for ca. 30 personer som har svært ulike behov for støtte og rettleiing for å «finne fotfeste» og bli integrert i Lesja.

Vi søkjer etter ein person som kan følgje opp og rettleie familiar og enkeltpersonar på ulike arenaer. Arbeidet vil foregå i samarbeid med flyktningekoordinator, helsestasjon og skule/barnehage, samt andre aktuelle samarbeidspartar.

 

Hovudarbeidsområde:

  • Støtte, rettleie og følgje opp familier og enkeltpersonar
  • Følge opp samarbeid heim/skule, leksehjelp mm.
  • Bidra til integrering på ulike arenaer

 

Vi ønsker søkjarar som har:

  • 3-årig høgskuleutdanning eller fagutdanning innan helse- og sosialfag
  • Erfaring med å arbeide i andre sin heim
  • Kompetanse eller erfaring med fleirkultur- og integreringsarbeid
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • IKT-kompetanse

 

Vi vektlegg at du:

  • er ein tydeleg og trygg vaksen
  • har god evne til å bygge relasjonar både med vaksne og barn/ungdom
  • har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig
  • er fleksibel, nysgjerrig og romsleg

 

Personleg egnaheit blir vektlagt

 

Den som blir tilsett, må ha førarkort for personbil og må kunne disponere bil.

 

Lønn: Årslønn (rekna ut frå 100% st):

Miljøterapeut: Kr 386.200-456.500, avhengig av ansiennitet.

Miljøarbeidar: Kr 333.300-421.200, avhengig av utdanning og ansiennitet.

 

Nærare info: Flyktningekoordinator Brit Holen, tlf. 900 31 688 eller helsesyster Kjersti Åvangen Flittie,

tlf. 61 24 42 09/970 18 386

 

Søknad sender du til: Lesja kommune, innan   20.11.17

Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning. Ver vennleg å legge ved attestar og vitnemål, eller skanne og ettersende dei til postmottak@lesja.kommune.no

 

Det blir kravd framlagt politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart i stillinga, jf politiregisterloven §30 og politiregisterforskriften §34-14.

 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.

 

Søknadspapira blir ikkje returnert.

 

 

Saksnr: 2017/1012                           ID: 418       Dato: 03.11.2017