Vedlikehald på gang- og sykkelvegen

sykkelveg lesja - Klikk for stort bilde Arbeid på strekninga Joramo - Lora startar opp måndag 2. juli og pågår heilt fram til 15. september.

Det blir anleggsarbeid på sjølve gang- og sykkelvegen, ved busshaldeplassar og avkøyringar frå E136.

Vi ber om at folk tek omsyn og ventar på følge forbi arbeidsområda. Vaksne bør ha fokus på sikkerheit også i høve til born og unge langs vegen. 

Det vil stå skilt i begge endar av kvart område om at ein skal vente på å bli geleida forbi der arbeidet pågår.

 

Helsing Stian Brenden Maskinservice.