Takk for julegåvene!

Takk for gåvene! - Klikk for stort bildeTakk for gåvene! Lesja kommune Julegåveaksjonen 2017 vart gjennomført i perioden 20.11.-10.12.2017. I tillegg til tradisjonell «barn gir til barn-aksjon» var det  i år også mogleg å gje ei gåve gjennom Vipps.  På turen over til Marijampole hadde ungdomsrådsrepresentantane og Lesja kommune med seg om lag 250 julegåver, og bidraga til Vipps-kontoen vart heile 4 500 kr.  Både Marijampole kommune og Lesja kommune ynskjer å takke for alle gåvene!

Sang og diktlesing  på dagsenteret "Redd Barna" - Klikk for stort bildeSang og diktlesing på dagsenteret "Redd Barna" Besøk på ungdomsklubben i Marijampole - Klikk for stort bildeBesøk på ungdomsklubben i Marijampole Middag med politikarar og administrasjon i Marijampole.  Tilstades var også tre representantar frå kvart av ungdomsråda - Klikk for stort bildeMiddag med politikarar og administrasjon i Marijampole. Tilstades var også tre representantar frå kvart av ungdomsråda Førebuing til juletretenning - Klikk for stort bildeFørebuing til juletretenning Orientering om bufellesskap/dagsenteret “Židinys” - Klikk for stort bildeOrientering om bufellesskap/dagsenteret “Židinys” Ei som gler seg til jul - Klikk for stort bildeEi som gler seg til jul Barn i barnebyen har fått julegåver frå Lesja sidan 1994 - Klikk for stort bildeBarn i barnebyen har fått julegåver frå Lesja sidan 1994 Servering og samtale - Klikk for stort bildeServering og samtale Glade barn med gåver - Klikk for stort bildeGlade barn med gåver Sang og diktlesing  på dagsenteret "Redd Barna" - Klikk for stort bildeSang og diktlesing på dagsenteret "Redd Barna" Gåver under juletreet i Barnebyen Avikilai - Klikk for stort bildeGåver under juletreet i Barnebyen Avikilai Kaninmuseet i Sasnava her sin eigen "Wall of Fame" - Klikk for stort bildeKaninmuseet i Sasnava her sin eigen "Wall of Fame" På kaninmuseet i Sasnava - Klikk for stort bildePå kaninmuseet i Sasnava Nora, Marita og Irja legger julegaver under treet på dagsenteret "Redd Barna" - Klikk for stort bildeNora, Marita og Irja legger julegaver under treet på dagsenteret "Redd Barna" Juletreet i Marijampole 2017 - Klikk for stort bildeJuletreet i Marijampole 2017 Ungdomsrådsrepresentantane saman med barn på dagsenteret/bufellesskapet “Židinys” - Klikk for stort bildeUngdomsrådsrepresentantane saman med barn på dagsenteret/bufellesskapet “Židinys”

På overleveringsturen var Nora Skotte, Marita Brekken Gyldenskog og Irja Heidsve frå Lesja ungdomsråd med, saman med Sonja G Mathisen og Martin Vorkinn frå Lesja kommune.  Reisa var med bil/tog til Gardermoen, to timar flytur til Vilnius, to timar i bil vidare til Marijampole.  I år var gruppa på besøk hos fire institusjonar som fekk julegåver frå barn i Lesja.  Barnebyen Avikilai har fått gåver frå Lesja sidan 1994, medan dei tre andre er institusjonar vi ikkje har besøkt tidlegare.  Den første av desse tre er eit kombinert bufellesskap og dagsenter for vanskelegstilte barn frå fattige familiar.  Her bur 8 barn permanent, medan om lag 20 barn er der etter skuletid.  Vidare vart to dagsenter med til saman om lag 35 barn besøkt.  Desse dagsentra ligg i samband med skular i sentrum av Marijampole.  Skuledagen var over og barna ønska velkommen med diktlesing og song.   Felles for institusjonane er at barna er omgjevne av omsorgspersonar som sørgjer for at dei får god mat, leksehjelp, hjelp med personleg hygiene og klede.  Det er også lagt til rette for mange ulike aktivitetar for barna i desse institusjonane.  Ein del av gåvene vi hadde med oss blir også fordelt til familiar som har det vanskeleg.  Det er sosialavdelinga i Marijampole kommune som fordeler desse gåvene.

Ein stor barnevernsreform er i gang i Litauen.  Gjennom reforma blir det mellom anna teke sikte på å avvikle dei store barneheimane som har vore eit vesentleg element i litauisk barnevernspolitikk tidlegare.  Barn som treng hjelp og støtte blir no i større grad tekne hand om i fosterfamiliar, bufellesskap og i familien.  I tillegg blir dagsenterordninga prioritert høgt.  Vårt inntrykk er at reforma allereie har hatt positiv effekt for barna.

Dei tre representantane for Lesja ungdomsråd (LUR) som deltok på turen fekk oppleve mykje spennande. I tillegg til institusjonsbesøka hadde dei mellom anna samtale med fleire representantar frå ungdomsrådet i Marijampole, der dei fekk utveksla erfaringar, tankar og idear om ungdomsrådsarbeid. Det blir sett pris på og lagt merke til at ungdom er engasjerte i Julegåveaksjonen, og det er gjeve attendemeldingar på at dei er flotte representantar for ungdom i Lesja. 

Besøket i Marijampole starta med møte på rådhuset.  I dette møtet stilte Marijampole opp med ordførar og to varaordførarar, samt assisterande rådmann og fleire representantar frå administrasjonen.  Marijampole kommune informerte mellom anna om deira status som «Kulturhovudstad i Litauen 2018».  Dette blir eit stort løft for kommunen, og eit svært hektisk år for dei som er involverte.  Mellom anna har kulturorganisasjonar frå alle vennskapskommunane fått førespurnad om å besøke Marijampole i løpet av 2018. Lesja og Lesjaskog sangkor er inviterte til å representere Lesja kommune med to konsertar i Marijampole i oktober 2018.  

I høve av at det i 2018 er 25 år sidan kontakten mellom Marijampole og Lesja vart etablert inviterer Lesja kommune ordføraren i Marijampole saman med ei gruppe på tre personar til ei markering her på Lesja i samband med «Markens Grøde 2018».  Invitasjonen vart overlevert under møtet. 

Lesja kommune vil igjen takke for engasjementet og alle gåvene i samband med årets julegåveaksjon!  Barna i Marijampole set utruleg stor pris på gåvene og all merksemda dei fører med seg!

God jul!

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent
Telefon 61 24 41 14
Mobil 900 95 301
Sonja Gitte Mathisen
Kulturkonsulent
Telefon 61 24 41 42
Mobil 975 19 607
Mariann Skotte
Ordførar
Telefon 61 24 41 10
Mobil 909 47 244