Spelemannsprosjektet presenterer: "Med sjela i fela"

Ei framsyning om felespelar og folkemusikar Magne Bø.

Lesja kulturhus, fredag 23. februar, kl. 20.00

Utgard i Lom, laurdag 24. februar, kl. 19.00

Kva er ein spelemann?  Historiene om dei som meistra fela er mange, at dei lærte spelet av nøkken, av fanden sjølv, eller på anna vis. Å være felespelar, å verkeleg meistre instrumentet og bevege tilhøyrarane, det var ein sjeldan kunst. Det blei beundra, men og sett på med frykt og skepsis. Å vere spelemann var eit liv utanfor det normale, spelemannen var ikkje heilt som folk flest. Spelet var vakkert og skummelt.

Magne Bø var fødd på Lesja i 1924. Det tradisjonelle bygdemiljøet var på hell, og ein ny tid på full fart inn. Gjennom lærarskulen i Volda møtte han kunstmusikken og blei skulert musikar. Med ein fot i det gamle og ein i det nye, så blei han ein viktig nyskapar og brubyggjar for folkemusikken i Gudbrandsdalen.

Heile livet skapte han musikk og underheldt. Men det kosta. Å vere felespelar og folkemusikar var ikkje enkelt. Som dei gamle spelemennene blei han både beundra og frykta. Og kan hende var det ikkje alle som såg verdien i det arbeidet han la ned som musikalsk entusiast for den lokale musikken. For var han spelemann eller musikar? Var han kunstnar eller narr?

Dei som kjente Magne Bø, og alle dei som kjenner musikken hans, veit at han gjennom heile livet la sjela i fela. I gode stunder, og i vanskelege tider.

I denne framsyninga vil vi formidle det vakre og det vanskelege i livet til ein felespelar, med musikk av Magne Bø og musikk skriven til Magne Bø.

Lesja kulturhus fredag 23. Februar kl 20.00.

Etter konserten blir det enkel servering.

Med:

Bjørn Kåre Odde
Bjørn Sigurd Glorvigen
Dovrefjell Disharmoniske Selskab
Endre Skjåk
Lom spelemannslag
Mari Midtli
Marit Rusten
Vegar Vårdal
Øyvind Sandum
Åsmund Reistad
Arrangør: Spelemannsprosjektet
Produsert med tilskot frå Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen, Oppland fylkeskommune, 
Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen, GD-fondet, Sparebank 1 Lom og Skjåk, Dovre kommune, Lesja kommune, Lesja innkjøpslag og Snøhetta regnskap

Billettar på https://tikkio.com/

Det vil også bli sal av billettar i døra

Vaksne kr. 250,-

Under 16 år kr. 100,-