"Sommertoget" tysdag

Lesjaskog-Banner-LR - Klikk for stort bilete Det var stort engasjement knytt til "Sommertoget" si reise gjennom Lesja laurdag! Mykje folk hadde møtt fram langs jernbanelinja og andre stader der det var naturleg! Regn og lavt skydekke gjorde nok sitt til at ikkje alle "stunt" vart med på tv-sendinga, men det kjem ei ny sjanse:

Tysdag 11. juli får vi på nytt besøk av sommartoget.  Toget har avgang frå Åndalsnes kl 10:50, passerer Verma kl 11:23, og er venta til Lesja stasjon kl 12:10.  Her blir det ti minutt stopp før toget forlet kommunen vår om lag 12:25.

  • Det kjem til å vera folk med flotte banner på Bjorli stasjon, ved Dambrua på Lesjaskog og på Lesja stasjon
  • Ved Dambrua vil også barn frå Lesjaskog barnehage vera på plass med flagg og sang
  • Rundballemontasjen vil framleis vera på plass på Lora
  • På Lesja stasjon stiller Lesja skulemusikk opp og spelar. Det vil vera pilegrimar og ansvarlege for den nye pilegrimsleden gjennom Lesja til stade. Lesja barnehage og Lesja/Lesjaskog sangkor stiller med sang, og lokalmatprodusentar overleverer smaksprøver til togpersonalet. Lesja husflidslag har open dag på stasjonen med sal av vafler, saft og kaffe, og Lesja fjellstyre er på plass med utstilling av gevir og skinn av rein

Vigga har laga denne bildesamlinga frå laurdag