Sommarturmål i Lesja 2017

Rånåkollen - Klikk for stort bileteRånåkollen Therese G Hole Kommunens grendeutval har valt ut turmåla i år, og du kan besøke heile 14 turmål denne sommaren. Det er valt ut  to turmål i kvar grend, og der er det plassert ut «fysak-kasse» med bok. Det er trivelig om du skriv namnet ditt i boka, slik at vi kan sjå kor mange som besøker turmåla. Alle kassene skal vere på plass veke 26.

Her er oversikt over turmåla (PDF, 211 kB)

Dei fleste turmåla tek utgangspunkt i turguiden «På tur i Lesja».

Ny revidert utgåve av turguiden – med nokre nye turmål -  kjem i  juli 2017.

Turmåla skal vere ein inspirasjon til å kome seg ut og bli kjent nye stader i bygda

Turkassene blir teke ned etter haustferien - veke 41. Vi ønskjer alle ein fin tursommar i Lesja! God tur!

Oppdag Lesja med tur-app i handa

Verket - Klikk for stort bilete TGH

Fant du det du leitte etter?