Sommarprogram for Lesja bygdemuseum 2018

Blåklokker, bygdatunet - Klikk for stort bilde Lesja bygdemuseum er eit friluftsmuseum plassert sentralt i Lesja, midt i hjartet av av nasjonalparkane i Gudbrandsdalen. Museet består av ei samling hus frå 17- og 1800-talet, og representerar eit utsnitt av bygdas byggeskikk i perioda. Husa kjem frå ulike gardar på Lesja og syner fram korleis ulike samfunnslag budde og levde. Om sommaren bidreg ein rekkje friviljuge frå lokalbefolkninga med å lage liv i husa på museet. Dei syner fram ulikt husflid og handverk som kontstrikk og karveskurd, og i eldhuset og stugu frå Ulateig blir det bakt mykje tradisjonsrik mat som mjukbrød og skrivabrød. Rundt på museet finn du og sau, gris og høner - og dei seier ikkje nei takk til litt kos. I sommar har museet mange nye utstillingar.