Rydding av rundballplast m m

Landbrukskontoret varslar om at vi kjem til å gjennomføre årleg plastsynfaring i veke 21 og 22. 

Som tidlegare år skal felles landbruksforvaltning også i år gjennomføre såkalla «Plastsynfaring» i Dovre og Lesja. Desse synfaringane tek for seg heile bygda, ikkje enkeltplassar. Vi ser at det fortsatt er ein del utfordringar med rundballplast på avvegar, men meiner og å sjå ei betring. Vi vil nok ein gong oppmode alle som handterer rundballplast til å lagre denne forsvarleg, og levere på miljøstasjon eller til J O Moen.

Elles minner vi om at gamle rundballar som ikkje skal nyttast til dyrefôr, må få fjerna plast og nett, slik at dei kan komposterast.

Kontakt

Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 11
Mobil 917 33 693