Oppdag Lesja med tur-app i handa

Outtt - bilde hjemmeside.jpg - Klikk for stort bilete No er endeleg den digitale løysninga for turbeskrivingar i Lesja klar. I tur-appen Outtt kan du no finne inspirerande turbeskrivingar, bilde og kart over eit knippe turmoglegheiter i Lesja – og fleire skal det bli!

 

På nett finn du Outtt – Lesja her: www.outtt.com/lesja

For å ta med deg turbeskrivingane ut på tur gjer du føljande for å laste ned appen:

  • Opne Google Play (Android) eller Appstore (iOS), alt etter kva mobil du har
  • Søk på «Outtt» - med tre t`ar
  • Last ned Outtt, det er gratis
  • Registrer deg som brukar
  • Velg stadplassering «PÅ», og trykk deg inn til Lesja
  • Finn din neste tur og trykk «start sporing»

No er du klar for å utforske Lesja med lokalkunnskap for handa.

I appen får du informasjon om turen si lengde, vanskegrad og estimert tidsforbruk. Du får opp fine bilde, beskriving av turen og korleis koma deg til turens start. Appen hjelper deg med å finne og planlegge nest utflukt.

Forutan å finne inspirasjon til nye opplevingar og turmål i Outtt, kan du i appen lage di eige turbok. Her kan du spore turar, legge til bilde og skrive litt om alle dine eventyr. Du kan også følgje vener og kjente på deira turar rundt om i landet.

 

Det kjem fleire turar frå Lesja i Outtt utover våren og sommaren, så følg med. Vi håpar du lastar ned appen og finn din neste tur der. Hjelp oss gjerne med å spreie nyheita om Outtt - Lesja til alle dine turglade vener.

Husk å følgje «Tur i Lesja» på Instagram, og nytt gjerne #turilesja på ditt neste turbilde.

 

Vi ønskjer GOD TUR!!

 

Publisert av Martin Vorkinn. Sist endra 10.04.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
  • TelefonBilde 61 24 41 00
  • FaksBilde 61 24 41 04
  • PostboksBildePostboks 53, 2665 LESJA
  • PostboksBilde Jakup B. Klukstads veg 32, 2665 Lesja
  • Åpningstid: 8:00 - 15:30
Login for redigering
Login for redigering