Nasjonal Pårørendeundersøkelsen 2017

Pårørendealliansen - Klikk for stort bilde Pårørendealliansen (som er ein organisasjon for pårørande) gjennomfører også i år ei Nasjonal undersøking mellom pårørande, uansett diagnose eller tilstand til den/dei ein er pårørande for.

Pårørandeundersøkinga i 2016 fekk svar frå 3 127 pårørande. Diverre var det berre 8 % menn som svarte på undersøkinga. I år er målet endå høgare både i høve til antall respondanter og fordeling av kjønn. Dei håper også å få fleire unge til å svare på denne undersøkinga.

 

Vi stiller mellom anna spørsmål om:

•       Kva og kor mykje ein gjer som pårørande

•       Konsekvensar for eiga yrkesdeltaking eller studier

•       Påverknad på eiga helse

•       Ønske om forbetringar

•       Kor ein finn informasjon eller råd

 

Gå inn på denne lenka for å svare (det tek om lag 6-8 min):

https://no.surveymonkey.com/r/QQ2QWPN

 

Rundt 800 000 er til ei kvar tid i ein pårørandesituasjon til nokon i Norge.

Helseminister Bent Høie lova 13.11.2017 at Regjeringen vil sette i gong arbeid med Nasjonal strategi for pårørande, der denne undersøkinga blir eit viktig bidrag.

Her er lenke til uttala: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/en-viktig-ressurs/id2578933/

For å få vite kva som trengst i ein slik strategi, treng vi kunnskap om korleis pårørande har det.