Levande Lesja med to arrangement i juni

Fagdag Mat - På Tunstugu 8. juni kl 10:00 - 14:00

Målet er å  inspirere fleire til å starte med vidareforedling av mat!

Lokal mat er i vinden, og fleire lokalproduserte varer vil bidra til auka verdiskaping.
Kom og la deg inspirere!

Program og påmelding finn du her: http://nordveggen.no/kaskjer/EBC5AABEC145316BC1258124003FC146

Fagtur for dagleg leiarar - Til Åndalsnes med spennande stopp underveis - Tysdag 13. juni kl 09:00 - 13:00

Levande Lesja inviterer alle daglege leiarar i små og store bedrifter i Lesja på fagtur til Åndalsnes.

Fagleg påfyll, nettverksbygging og gode diskusjonar. Ei hending du som er dagleg leiar i ei lita eller stor bedrift i Lesja ikkje vil gå glipp av!

Program og påmelding daglig leiar-tur her: http://nordveggen.no/kaskjer/2448AC79430CF25EC1258121003F3EB2

arrangement nordveggen juni - Klikk for stort biletearrangement nordveggen juni

Kontakt

Solveig Brøste Sletta
Dagleg leiar Nordveggen AS
Telefon 988 83 816