Legekontoret har fått ny influensavaksine

Illustrasjonsbilde_smitte - Klikk for stort bilete Vaksinen kostar 120 kr om du har frikort. Har du ikkje frikort vert det 174 kr. Ta kontakt med legekontoret på telefonnummer 61244200 for å tinge time. Du må vente på legekontoret i om lag 15 minutter etter du har fått vaksinen.

Følgande personar har auka risiko for influensasykdom, og vert difor tilrådd å ta influensavaksine:

  • Alle frå og med fylde 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12 svangerskapsuke (Gravide i 1.trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine)
  • Born og vaksne med:
     
    • Diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjerte/karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein helserisiko

 

I tillegg tilrår vi influensavaksine til følgjande målgrupper, primært for å beskytte andre

  • helsepersonell som har pasientkontakt
  • husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar
  • svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar