Kva skjer i Lesja når NRK sitt sommartog kjem til bygda?

Lesja-Banner-LR - Klikk for stort bilete Det ser ut til å vera stort engasjement i samband med at "Sommertoget" går gjennom Lesja laurdag den 8. juli og tysdag den 11. juli!

 

"Sommertoget" startar på turen gjennom Lesja frå Dombås stasjon laurdag kl. 11:05.  Toget stoppar ikkje før det er framme på Bjorli stasjon kl 11:50.  På turen gjennom Lesja vil det bli bilde og informasjon både frå toget og frå helikopter av dei mange aktivitetane som er innmeldt til NRK. Det er fritt fram for å slutte seg til der ein ynskjer! Her er ei oversikt over noko av det som kjem til å skje desse dagane:

Laurdag 8. juli

  • Det kjem til å vera bunadskledde folk med flagg på Tussheim, Vetaberget og Rånåkollen 
  • Det kjem til å vera folk med flotte banner på Lesja stasjon, ved Dambrua på Lesjaskog og på Bjorli stasjon
  • På Lesja bygdemuseum  er det kakejerndag
  • På Lora - (Beste plassen på jorda!) lagar Lesja og Lesjaskog bondelag ei flott montasje av rundballar ute på eit jorde
  • Det blir mykje aktivitet med bading, båtar, grilling m.m. i og ved Lesjaskogsvatnet
  • På Sagelva held Brøste/Stuguflåten kulturlag ope dag med vaffelsalg
  • På Bjorli stasjon vil det bli eit rikhaldig program dei ti minutta toget står der.  Ordførar Mariann er på plass for å ynskje velkommen, Kjøremgrenda musikkforening spelar og Lesja fallskjermklubb har fleire hopparar i lufta. Bjorli Fjellmat stiller opp med smaksprøver av sine produkt.  Her er det berre å møte fram for alle som ynskjer det!
  • Toget fortset den flotte togturen mot Åndalsnes etter stopp på Bjorli.  Bjorli-Banner--LR - Klikk for stort bilete

Tysdag 11. juli får vi på nytt besøk av sommartoget.  Toget har avgang frå Åndalsnes kl 10:50, passerer Verma kl 11:23, og er venta til Lesja stasjon kl 12:10.  Her blir det ti minutt stopp før toget forlet kommunen vår om lag 12:25.

  • Det kjem til å vera folk med flotte banner på Bjorli stasjon, ved Dambrua på Lesjaskog og på Lesja stasjon
  • Ved Dambrua vil også barn frå Lesjaskog barnehage vera på plass med flagg og sang
  • Rundballemontasjen vil framleis vera på plass på Lora
  • På Lesja stasjon stiller Lesja skulemusikk opp og spelar. Det vil vera pilegrimar og ansvarlege for den nye pilegrimsleden gjennom Lesja til stade. Lesja barnehage og Lesja/Lesjaskog sangkor stiller med sang, og lokalmatprodusentar overleverer smaksprøver til togpersonalet. Lesja husflidslag har open dag på stasjonen med sal av vafler, saft og kaffe, og Lesja fjellstyre er på plass med utstilling av gevir og skinn av rein Lesjaskog-Banner-LR - Klikk for stort bilete