Kulturprisvinnaren for 2018

Livsløpsstyret bestemte i møte 30. oktober at Lesja kommune sin kulturpris for 2018 tildeles Audun Høgbrenna.

iskrystall - Klikk for stort bilde

Grunngjeving

I 1981 fekk Audun Høgbrenna halvparten av det som den gongen vart kalla «kulturgåva» for «amatørdikting og særskilt for Lesjasangen» som det da heitte i grunngjevinga. Lesjaskog skyttarlag fekk den andre halvparten i høve at laget vart 100 år. Dette var sjølvsagt hyggeleg for han den gongen, men innsatsen hans etter den tid er så omfattande at vi meiner han no bør heidrast med å få kulturprisen for Lesja aleine.

Audun er i dag meir enn ein «amatørdiktar» som det stod i grunngjevinga i 1981. Han er forfattar av 5 diktsamlingar, den siste kom no i sommar. Han har gjeve ut 4 samlingar av gode og autentiske historier frå Gudbrandsdals-bygdene, alle med tittelen «Ordhittug døl», og han har gjeve ut boka «Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen», ei eineståande kulturhistorie frå ei tid og ein transportmåte som aldri kjem att. Audun leverer her beretninga om tømmerfløytinga i Lågen og sideelvane frå dei som deltok i fløytinga.

I tillegg til det som er publisert, har Audun forfatta ei mengd prologar og leilighetsdikt, men mange av desse er diverre gått tapt.

Mange av dikta hans er tonesett og blir brukt i lyd og lag i Lesja. Lesjasangen var nemnt i 1981. Seinare er fleire songar komne til, m.a. julesongen «Julekveldsbilete», den er mykje brukt av skulane og barnehagane.

I 2010 vart 14 av Audun sine dikt tonesett og framført av Evy Nygaard Ernsteen. Framføringa vart spela inn på ein CD som fekk namnet «Viser frå Fjell og vidde», og CD-en vart lagt ut for sal i lokale butikkar.

Under «Markens Grøde» i 2013 arrangerte U.L. Verdandi forstillinga «Ordhittug døl – med glimt i auga og dikt på tunga» som var bygd opp kring tekstar av Audun Høgbrenna. Det var Tor Ziegler, skodespelaren Kim Haugen og Marit Skotte frå revygruppa i ungdomslaget som fekk ideen til forestillinga. Prosjektet vart forankra i ungdomslaget, og Kim Haugen å utvikla forestillinga saman med ei gruppe som hadde teatererfaring frå ungdomslaget. I tillegg fekk dei med seg Lesja og Lesjaskog sangkor og barn og ungdommar frå bygda. Kim Haugen hadde regien, og dei hadde dessutan med seg profesjonelle folk til å skrive manus, på scenografi, lyd, lys og musikalsk leiing. Dette vart ein særs vellykka kombinasjon av profesjonelle fagfolk og dyktige amatørar og det gav oss ei glitrande forestilling som fylte kulturhuset på Lesja til siste rad tre gonger. Audun var til stades på alle tre forestillingane, og for han var det ei stor oppleving å sjå og høyre at tekstane hans vart mottekne av publikum med så stor begeistring.

Etter oppdrag frå sokneprest Jorunn Raddum forfatta Audun ei samlingsbøn til bruk i kyrkja i 2013. Denne har vore brukt i alle kyrkjene i Lesja fleire gonger.

Med dette som bakgrunn meiner vi det er på sin plass å heidre bygda sin fremste kulturhistorikar og lyrikar.

Lesja kommune gratulerer Audun Høgbrenna med kulturprisen for 2018!