Kulturprisutdeling for 2017

Bjørg Nordset - Klikk for stort bildeBjørg Nordset

 

Livsløpsstyret bestemte i møte 20. november at Lesja kommune sin kulturpris for 2017 tildeles Bjørg Nordset. Kulturprisutdelinga vil foregå i Lesja kulturhus laurdag den 13. januar kl. 16.00. Det kjem meir informasjon om programmet på nyåret.

Utdrag frå begrunninga:

Bjørg Nordset har gjennom ei årrekkje vore engasjert i ulike typar kulturarbeid, og er ein tradisjonsberar av rang, særleg innan matkultur.

I Lesja har vi ein rik matkultur og mattradisjon som har vore halde godt  i hevd gjennom dagleg bruk. Dette var utgangspunktet for boka Mat frå gard og grend - om mat og matkultur i Lesja og Gudbrandsdalen gjennom 100 år, som fyrste gong kom ut i 1995. Sidan har det kome ut fleire utgåver - og 4. opplag er i sal nå. Bjørg var redaktør for denne boka, og drog det tyngste lasset saman med andre kvinner i Lesja Bygdekvinnelag (tidl. Lesja Bondekvinnelag) som er utgivar.

I fjor, før jul 2016, kom Lesja historielag ut med boka kakejern. Forfattaren av boka er Bjørg Nordset, eit stort arbeid som byggjer på registreringar gjort av ildsjelar i Lesja historielag. Boka tek for seg utviklinga av både kakejerna og kakene - og viser kva for rik kulturtradisjon kakejerna representerer både i smedkunst og matkunst. I omtalen av boka kan ein lese at så langt ein veit, er det første gongen denne kulturtradisjonen er kome i bokform.

Bjørg Nordset har m.a. utdanning frå Statens lærerskole i husstell på Stabekk - og har ei lang yrkeskarriere som lærar i heimkunnskap. På fritida har ho vore kurslærar og fagansvarleg på fleire nivå, frå matkurs i regi av det lokale bygdekvinnelaget til meir langvarige og kompetansegivande kurs på høgskule- og universitetsnivå, med kurs på Hjerleid og i Midt-Gudbrandsdalen.

Bjørg Nordset er ein ressursperson som har stilt opp med kunnskapen sin og har late seg engasjere også i utviklinga av lokal verdiskaping. Ho var med i arbeidsgruppa "Separator'n" som var namnet på ad hoc-gruppa som vart danna i samband med at Lesja Ysteri var truga av nedlegging/lagt ned i 1997. Dette var forløparen til etableringa av Lesja Kulturkjøkken AS (2001), som seinare vart til Avdem Gardsysteri AS (2005). I den tidlige fasa av historikken til Avdem Gardsysteri hadde Bjørg ei vesentlig rolle, som kulturberar og gjennom praktisk arbeid med prøveproduksjonen.

For alt dette fortener Bjørg Nordset ein kulturpris.

Lesja kommune gratulerer Bjørg Nordset med kulturprisen for 2017!