Julegåveaksjonen 2017

Julestemning i Marijampole - Klikk for stort bildeJulestemning i Marijampole Det har vore tradisjon at barnehagebarn og skulebarn i Lesja har gjeve julegåver til barn i Marijampole - og no er julegåveaksjonen i gang for 2017. Det er også mogleg for andre å bidra. I år kan du Vippse ei julegåve til  138997, og det er allereie fleire som har nytta seg av dette tilbodet.  Siste frist for å levere gåver på skulane og i barnehagane er fredag 1. desember. 

Dette er ein aksjon som gjennom Lesja bondelag vart starta i 1993.  I 2006 tok Lesja kommune over ansvaret for julegåveaksjonen. Barneheimen vi tradisjonelt har gjeve julegåver til, er no lagd ned grunna ein stor reform i Litauen - men framleis er det andre store barneheimar i Marijampole som treng vår omtanke. Vi har også fått moglegheit til å hjelpe ein del familiar som lever i stor sosial nød  Sosialavdelinga i Marijampole kommune er med og gir råd om kven som treng ei ekstra oppmuntring.

Takk for julegåvene! - Klikk for stort bilde Det er alltid stor glede for barna på barneheimane når gåvene blir overlevert, og det gjer sterke inntrykk på alle som har hatt høve til å vera med på julegåveturane. 

 

Barn frå skulane og barnehagane i Lesja blir oppmoda om å gje ei gåve til barneheimsbarna i Marijampole. I fjor hadde vi stor oppslutning om tiltaket, og vonar på det same i år, men vi vil presisere at det er heilt frivillig å gje.

Nokre tips for gåvene:

  • Ikkje for store pakker, då dei skal fraktast med fly
  • Klesplagg, teiknesaker, hovudlykt, "jålesaker", godlukt og puslespel er eksempel på fine gåver.
  • Hugs at ei fin gåve ikkje treng å kosta mykje
  • Pakk gåvene i sterkt papir
  • Kort og andre helsingar må må festast godt til pakken
  • Det er ofte litt for få pakkar til dei mellom 14 og 18 år
  • Ta kontakt med Martin om du har spørsmål: 900 95 301

Hugs å merke gåvene med alder og kjønn, og at det alltid er populært med ei lita handskreven helsing godt festa til gåva.

Ei lita pengegåve frå dei tilsette i Lesja kommune og andre har gjort det mogleg å hjelpe nokre fattige familiar med ting dei treng i heimen; kjøleskap, bord, stolar, vaskemaskin, sengetøy m.m. I fjor fekk 13 familiar hjelp av desse pengane. Ynskjer du å være med å bidra, slik at vi kan hjelpe fleire familiar, er det mogleg å Vippse til 138997 eller sette inn pengar på konto 5082 06 60010

Gåvene må leverast inn på skulen, i barnehagen eller i ekspedisjonen på kommunehuset seinast fredag den 1. desember.

I år vil overleveringa av gåvene skje 8. - 10. desember. To representanter frå administrasjonen i Lesja kommune og tre representanter frå Lesja Ungdomsråd reiser.  I tllegg til å overlevere julegåver, skal dei arbeide vidare for å styrke samarbeidet mellom dei to kommunane, med ungdomsarbeidet i fokus.

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent
Telefon 61 24 41 14
Mobil 900 95 301
Sonja Gitte Mathisen
Kulturkonsulent
Telefon 61 24 41 42
Mariann Skotte
Ordførar
Telefon 61 24 41 10
Mobil 909 47 244