Informasjon om vrakpant

Vrakpant - Klikk for stort bilde I 2018 får du vrakpant for motorsyklar, mopedar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Biloppsamlarar får driftstøtte for å motta desse køyretya.

Køyretyet skal leverast til ein godkjent biloppsamlar på same måten som ved vraking av bilar.

Biloppsamlarar har ikkje plikt til å ta imot dei køyretya det no er innført vrakpant for. Ring difor biloppsamlaren og sjekk på førehand.

Det blir utbetalt føljande beløp ved vraking:

  • Lastebilar: 5000 kroner
  • Mopedar, lette og tunge motorsyklar: 500 kroner
  • Campingvogner og bubilar: 3000 kroner
  • Den ordinære vrakpanten på 3000 kroner for personbilar, varebilar og enkelte andre køyrety blir vidareført.

For meir informasjon sjå Miljødirektoratet http://www.miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/2017/Desember-2017/Vrakpant-pa-andre-kjoretoy/

Kontakt

Marit Svanborg
Miljørådgjevar
Telefon 61 24 41 88