Informasjon om tørke og avlingssvikt

Det er utlagt nyttige lenker om tørke- og avlingssituasjonen på landbruksforvaltinga sine facebooksider

Jordbruksføretak med vesentleg avlingssvikt kan søke om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Erstatning føreset at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten.

Skaden må dokumenterast, og det er viktig å tidleg gje melding til kommunen om avlingssvikt.  

I søknaden er det svært viktig at foretaket kan dokumentere årsakssamanhang mellom skaden og klimatiske tilhøve. I tillegg til å framlegge god dokumentasjon skal foretaket gje melding til kommunen om skaden, slik at det er mogleg for kommunen å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast. Kommunens feltkontroll vil også kunne avdekke andre skadeårsakar, som t.d.. ugras eller plantesjukdommar.

Foretaket skal vurdere om heile avlingssvikten skuldast klimaskade eller om heile eller ein andel av avlingssvikten skuldast dyrkingstekniske tilhøve. Søknaden skal innehalde ei god beskriving av skaden samt god dokumentasjon. Vilkåret i forskrifta «melding utan ugrunna opphald» understrekar foretakets ansvar for at skaden blir dokumentert.

God dokumentasjon kan vera ei stadfesting på klimautfordringar frå kommunen eller frå eit profesjonelt fagmiljø. Annan god dokumentasjon vil t.d. vera skadeomfang i heile område, eller meteorologiske data. Bilde kan gje god tilleggsinformasjon.

Kommunens feltkontroll gjev godt grunnlag for kommunen si vurdering og beskriving av skaden i søknadsskjemaet. Fylkesmannen har ikkje samme lokalkunnskap som kommunen og er avhengig av kommunen og søkar si vurdering av skadeårsak. I dei tilfella der kommunen ikkje har vore på feltkontroll, er god dokumentasjon avgjerande for retten til erstatning.

Grunnlaget for erstatning
Om produsenten «driv vanleg jordbruksproduksjon»  eller ikkje, altså har ein landbruksfaglig forsvarlig og god drift, vil vera avgjerande for ei erstatning for avlingssvikt. Dersom tørken gjer at nokon dyrkar andre vekster enn det som var planlagt, vil erstatning bli gjeve for den veksten som faktisk blir produsert. 

Der ei avling har blitt øydelagt i vekstsesongen på grunn av tilhøve som skjer unntaksvis, kan fylkesmannen vurdere om det kan gjevast dispensasjon frå kravet til vanleg jordbruksproduksjon for å få produksjonstilskott, og dermed også erstatning ved avlingsskade.

Krav til å førebyggje avlingstap:

Heile eller delar av erstatninga kan bli avkorta dersom føretaket ikkje har dreve på ein fagleg forsvarleg måte og gjort det som ein normalt kan rekne med for å forebygge tap. Sjølv om avlingsskaden er klimabetinga kan erstatninga bli redusert dersom arealet for eksempel er dårleg drenert eller om det er mykje ugras.

Fagleg forsvarlig = god agronomi
:

  • Art og sort skal vere tilpassa normale klimatiske forhold
  • Arealet skal vere godt drenert
  • Avlinga må bli hausta

Punktlista er ikkje uttømmande.

 

Fristen for å søke om erstatning for avlingssvikt er 31. oktober det året skaden oppsto. Søk elektronisk via innlogging i Altinn: Gå til søknadsskjema

Bruk MinID eller BankID for å logge deg på.

Meire informasjon finn du på landbruksdirektoratet sine sider om temaet

Informasjon på fylkesmannen sine sider

Kontakt

Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 11
Mobil 917 33 693
Harald Aulie
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 21