Har du sjekka postkassa di i det siste? 

SvarUT-digital postkasse - Klikk for stort bileteSvarUT-digital postkasse - Den digitale postkassa også?

Hugs at viktig post frå nærare 400 statlege verksemder og kommuner no blir sendt til din digitale postkasse. Når brev har hamna i ei digital eller ei fysisk postkasse, er det mottakaren sitt ansvar å opne og å lese brevet. 

Varsel når du har fått brev

 

Det blir sendt varsel på epost eller mobil, alt etter kva du har sett opp for di digitale postkasse, når du får eit nytt brev. Når du er varsla, er det ditt ansvar å logge deg på postkassa og lese brevet. Dette er på same måte som når du sjøl har ansvar for å hente posten på stativet og lese breva dine.  

Eit lurt tips er å registrere mobilnummeret ditt i den digitale postkassa, slik at du får sms-varsel når du får eit nytt brev. Det er ofte litt enklare enn å sjekke eposten sin for å sjå om du har fått varsel. 

Du kan også laste ned app frå både Digipost og e-Boks for enkelt å lese brev på mobil eller nettbrett. 

Dersom du ikkje har oppretta digital postkasse, eller har reservert deg mot å få brev elektronisk fra stat, fylkeskommune og kommune, blir brevet sendt til utskrift. Du må då rekne med nokre dagar ekstra for print og postgang.

Les meir om digital postkasse