Gratulerer med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

Lærling BU Anne Kristine Brekken Hoksvold - Klikk for stort bilde Anne Kristine Brekken Hoksvold (20), frå Lesja, tok fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar 15. juni i år og fekk beste karakter.

Ho har vore lærling i Lesja kommune i to år frå 13.07.15, både i barnehage og skule.

Skuleåret 2017/18 har ho fått vikariat som fagarbeidar på Lesja skule og SFO.

Anne har gjort og gjer ein god jobb, både når ho har vore lærling og no når ho går i vikariat.

 

Anne uttaler:

"Eg trivdes godt som lærling i både barnehagen og skulen. 

Det første eg la merke til, var kor opne og imøtekommande alle var - barn, vaksne og foreldre. 

Å kjenne seg velkommen som ein del av miljøet på arbeidsplassen, har vore noko av det viktigaste gjennom heile lærlingtida. 

Det har til tider vore ein del uforutsette endringar og mangel på veileder, men det gjekk fint med god hjelp og veiledning frå kollegaer. 

 

Rett etter endt fagprøve, fekk eg eit års vikariat ved skulen på Lesja.

I tillegg har eg hatt noko vikartimar på Lesja barnehage. 

Eg har ynskje om å bu i Lesja med jobb i barnehage eller skule."