Gratulasjonar til Bjorli Fjellmat

en_IGP_4c[1] - Klikk for stort bilete Lesja kommune ynskjer å gratulere Bjorli Fjellmat med svært anerkjennande kvalitetsmerking frå EU.  Det er produktet "Fenalår fra Norge" som no mottek den høgaste kvalitetsmerkinga i EU-systemet i høve til geografisk opphav (PGI).  Bjorli Fjellmat mottek utmerkinga offisielt i Paris tysdag 14. november. 

I september vann Avdem gardsysteri og Avdemsbue prisen "Årets Lokalmatgrûnder".  Bak kåringa står Næringsorganisasjonen Hanen, avisa Nationen og Norgesgruppen.

Begge tildelingane er med på å "setja Lesja på kartet" og å fremje lokalmatproduksjon i Lesja generelt.