Forprosjekt Lesja Helsehus er lagt fram

Lesja sjukeheim - Klikk for stort bileteLesja sjukeheim Forprosjekt Lesja Helsehus er laga av VSO consulting og vart lagt fram for byggekomiteen 2.11.17.

Bygget skal i tillegg til sjukeheim innehalde lokaler for heimebasert omsorg, psykiatri, fysioterapi, ergoterapi, dagsenter, helsestasjon og legekontor. Den eldste delen av sjukeheimen, som vart teke i bruk i 1980, skal totalrenoverast.  Nystugu (skjerma enhet) vart bygd i 2002 og kjøkenet vart renovert i 2005. Disse inngår ikkje i den planlagte renoveringa.I tillegg blir det bygd eit vinkelforma tilbygg i to etasjer mot øst. Sjukeheimsdelen blir i andre etasje som no.

Det nye vinkelforma bygget dannar saman med Nystugu og den eldste delen av sjukeheimen eit innvendig tun som skal vere anlegget sitt hjerte. Her blir det opparbeidd hage.

(Planteikningane oppdaterte med siste versjon 5. november)

Total kostnadsramme er på 105 millionar kroner.

Sjukeheimen har i dag 30 rom, der 24 har vore i bruk dei siste åra. Den nye sjukeheimen skal fortsatt ha 30 rom.

Helsehuset skal no detaljprosjekterast og deretter ut på anbud. Det er beslutta å gjennomføre delt generalenterprise for prosjektet. Det er lagt til grunn 5 delkontrakter; bygg, rør, ventilasjon, elektro og utenomhus.

Byggestart er planlagt i juni 2018. Tilbygget blir bygd først, slik at drifta i den gamle delen kan fortsette mest mogleg normalt fram til det nye er klart til innflytting i 2019. Deretter blir den eldste delen renovert. Heile prosjektet er planlagt ferdig i 2020.

Kontakt

Hilde Lislien
Leiar Lesja sjukeheim
Telefon 61 24 42 12

Hovednummer på dagtid: 61 24 42 20, vakta på kveldstid: 61 24 42 29